– Barna våre skal sleppe at me foreldre endrar oss på grunn av alkohol

Saman med kona Janicke har musikar og tv-programleiar Heidi Marie Vestrheim sonane Alfred på 6 år og Jens på 3 og eit halvt år. For dei er det viktig å ha eit bevisst forhold til alkohol rundt barna.

Svarthvitt portrettbilde av Heidi Marie Vestrheim. Hun ser rett inn i kamera med et lurt smil.

– Eg synes det er fullstendig uproblematisk å halde alkoholinntaket til eit minimum med barn i nærleiken, fortel Heidi Marie. 

Me har teke ein prat med tv-profilen om sommarminna, ferieplanar og hennar forhold til alkohol med barna til stades.  

– Me er veldig bevisst på alkohol rundt barna, at dei ikkje skal oppleve at foreldre deira endrar seg, og blir «litt annleis», som eg trur dei synes er skummelt, seier Heidi Marie. 

Heidi Marie vasser i havet, hun har solbriller på og oransje genser. Hun bærer på sønnen sin og ved siden av henne er den andre sønnen med redningsvest.

Alle vaksne har eit ansvar

Heidi Marie meiner det er viktig at alle vaksne har eit bevisst forhold til eige alkoholbruk rundt barn.  

– Eg trur mange vaksne drikk meir rundt borna om sommaren. Også onklar, tanter, besteforeldre og større sysken har eit ansvar, sjølv om dei ikkje har hovudansvar for ungane, seier ho. 

Sjølv har Heidi Marie og kona Janicke snakka med barna om det dei omtalar som “vaksendrikk”.  

Selfie av Heidi Marie Vestrheim med caps, i bakgrunn ser vi sønnen står ved et vann med ryggen til.

Me forklarer kva vin og øl er når me drikk det til maten, slik at dei ser og veit at alkohol finst. Men me forklarer at det er ein vaksendrikk og at me berre skal drikke eit glas, elles så kan ein bli litt svimmel. 

Følelsen av å være full er på ingen måte noko Heidi Marie hikar etter.   

– No blir eg nesten aldri full, og eg ville aldri blitt det med barn i hus. Eg likar uansett ikkje følelsen av å være full. 

Ho er einvis om at mange trur at dei ikkje blir så ulike seg sjølv med alkohol innabords, og understrekar:  

– Barn merkar det godt og raskare enn ein skulle tru.  

Bilde av en kvinne som sitter med ryggen og ser på sønnen sin som sitter på fanget hennes. I bakgrunn ser vi hav og en større hvit båt.

Heim til Hardanger

Det Heidi Marie ser tilbake på som dei beste sommarminna frå barndommen, er båtturane ut til Kvamsøy med heile familien og nabofamilien. 

– Det var eit yrande kaos med åtte barn og fire foreldre, med bading frå svaberga, bål og grilling av pølser, seier ho med eit glimt i auget.

Bilde av besteforeldre med to gutte-barnebarn. Alle står i vannkanten med ryggen til. De to barna har caps og stripete gensere.

Årets sommarplanar er spikra, og er sjølvsagt noko inspirert av barndomssommaren. 

– Me skal heim til Hardanger til same øy som alltid, turen går vidare til svigerfamilien i Molde. Det blir fisking i elva, Bjørneparken-besøk og fjell- og teltturar. Sjølvsagt også bading, is, og hygge med vener og familie. 

Foto: Privat

Relaterte saker